Loen er den vesle bygda med dei store opplevingane. Inst i fjordarmen, mellom høge majestetiske fjell, grøne bøar og kalde isbrear. Her kan du vere aktiv eller slappe av, eller begge deler. Det er heilt opp til deg. Hotel Alexandra er også eit ypparleg utgongspunkt for å utforske andre delar av regionen, og her har vi samla noko av det du kan oppleve. 

Desse aktivitetane ligg i gongavstand frå Hotel Loenfjord: Loen Skylift, Via Ferrata (retur med Loen Skylift), kajakk, vandreturar, sup, sykkel, trøbåt og Loen Play. 

Loen Skylift og Hoven Restaurant

Loen Skylift løftar deg frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. Her oppe får du oppleve høgfjellet på flotte vandrestiar.

 

 

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen tilbyr deg ei spennande oppleving, og garantert eit "kick" når du når toppen! Gjølmunnebrua som er den lengste hengebrua inne i ein Via Ferrata i Europa. Du får med guide og alt nødvendig utstyr.