
Treng du hjelp til miljøvenleg eller kollektiv transport til og frå Loen hjelper vi deg gjerne !
Reise med båt og buss
For store grupper kan vi hjelpe til med charterbåt heile vegen frå Bergen til Loen, eller charterbåt frå Ålesund/Vigra til Øye, og buss derifrå til Loen.
Frå Bergen går det hurtigbåt dagleg til Måløy. Derifrå kan ein ta buss til Loen. Rutetider for båt og hurtigruter: www.ruteinfo.net
Hurtigruta er ei nydeleg båtreise frå Bergen og oppover Vestlandskysten, og har stopp i MÅLØY, ÅLESUND og GEIRANGER.
Reise med bil
Reisetid:
Oslo - Loen: 7 timar
Trondheim - Loen:6 timar
Ålesund - Loen:2,5 time
Bergen - Loen:4,5 timar
Sogndal - Loen: 2 timar
Førde - Loen:1,5 time
Reise med fly
Den enklaste og raskaste måten å kome til Hotel Loenfjord på er å ta fly til Vigra/Ålesund (SAS, Norwegian) eller til Sandane (Widerøe). Desse ligg respektive 2,5 og 1 time frå Loen.
Vi set gjerne opp transport frå flyplassen - ring oss for tilbod med båt, buss eller hotellbil (Alexandra salsavdeling: tlf 57 87 50 50)
Ekspressbussar dagleg til Loen frå Bergen, Trondheim og Oslo. Sjå Nor-Way Bussekspress.
Besøk Fjord1 for ruter med buss, båt og ferje på Vestlandet.