1. Om Hotel Loenfjord

Eigar av denne nettsida er: Hotel Loenfjord, Fjordvegen 1047, 6789 Loen. Tlf: 57 87 57 00. E-post: post@loenfjord.no. Org. nr: NO 975 804 291.
 

2. Føremålet med vår handsaming av opplysningar

I samband med kundeforhold må vi av og til innhente opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnummer, organisasjonsnummer og anna naudsynt informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
 

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Kunderegister

Kunderegisteret inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ynskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå avsnitt om sletting. 
 

5. Informasjonskapslar

Loenfjord.no nyttar informasjonskapslar (cookies) på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar (Google Chrome, Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc) er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ynskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.


6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. All informasjon er anonymisert. Informasjonskapslane seier noko om antal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøkjer.

Facebook
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook.

Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

YouTube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.


7. Nyheitsbrev

Ved å melde deg på vårt nyheitsbrev, samtykker du i at vi lagrar ditt namn og di e-postadresse. Dette nyttar vi til å sende ut relevant informasjon om oss og våre tenester. Vi nyttar MailChimp for å sende e-postar. Hotel Loenfjord forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil du eventuelt melder deg av nyheitsbrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet for at du kan melde deg av eller endre opplysningane dine på ein enkel måte.  
 

8. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida vert denne sendt på til salsavdelinga. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
 

9. Deling

Det er mogleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter osv). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
 

10. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningslova § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Hotel Loenfjord på e-post: 
post@loenfjord.no. Dersom registrerte opplysningar er feil, ufullstendige eller du ynskjer å slette dine opplysningar, kan du krevje dette i henhold til personopplysningslova § 27.  


11. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Hotel Loenfjord er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkomande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på 
post@loenfjord.no eller 57 87 57 00.