Hotel Loenfjord har koselege dobbeltrom i seks kategoriar. Alle romma har eige bad og TV. Nokre av romma har dør imellom, og nokre har parkett. Alle rom har hårfønar. Gratis Wi-Fi på alle rom. Alle rom er røykfrie. Hotel Loenfjord har 141 rom, og saman med Hotel Alexandra har vi totalt 347 rom tilgjengelege.
Romma er klare for innsjekk kl. 15:00. Utsjekk er kl. 12:00.
Nokre rom av typen "Dobbeltrom fjord balkong" eller "Dobbeltrom twin" har høve til å ta med hund mot avgift kr 400,- pr hund pr natt.