Via Ferrata Loen er ein klatresti sikra med wire rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre dei nye ekstremrutene Tors Hammar og “Ragnarok” - den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Retur med Loen Skylift eller til fots via anleggsveg til Holme (7 km) på Oppheim + evt. tilbake til Loen (totalt 12 km).

Praktisk informasjon

Du kan booke via ferrata tur med guide til kl 9, 10 og 11, maks 40 gjester per avgong. Det er ope for utleige av via ferrata utstyr til erfarne via ferrata klatrarar kun etter kl 14 (dagleg til og med 15. august, og laurdagar om hausten). Seinare i sesongen kan det vere mogleg å leige utstyr for erfarne også før kl 14 på førespurnad. Anbefalt aldersgrense er 12 år. Minimum vekt på deltakar er 40 og maks 120 kilo for at sikringsutstyret skal vere garantert å virke.

Sesong: 1. mai - 1. november

Sjå video

Fakta

  • Start ved Loen Active butikken i Loen sentrum. Skogsveg vest for Hotel Alexandra til 170 m.o.h.
  • Sti i bratt terreng frå 170 til 440 m.o.h.
  • Gangtid til innsteg: Ca 1 time
  • Innsteg Via Ferrata: 440 moh
  • Gjølmunnebrua (120 m lang): 750 moh Sjå film
  • Gjølmunnestrengen (36 m lang): 800 moh
  • Utgang Via Ferrata utan bru: 880 moh
  • Utgang Via Ferrata med bru: 920 moh
  • Høgd Hoven: 1011 moh  
  • Forventa varigheit på ein tur i Via Ferrata Loen inkludert Gjølmunnebrua og Gjølmunnestrengen: Frå fem til sju timar.

Booking

Booking og meir informasjon finn du på denne linken

Tlf. 57 87 58 00. Mail: post@loenactive.no 

Booking