Sagastad på Nordfjordeid (55 min. frå Loen) er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Med ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver midt i sentrum, er Nordfjordeid den openbare lokaliseringa av Sagastad. Det er i tillegg fleire andre undersøkte rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida.

Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forskning i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den mest sentrale delen av senteret er det spektakulære Myklebustskipet. Skipet ligg midt i senteret, omringa av interaktive utstillingar som hovudsakleg er knytte til skipet og dei andre gravfunna på Nordfjordeid.

Les meir her