Hotel Loenfjord føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss.

HOTEL LOENFJORD SINE TILTAK
• Regelmessig reingjering fellesareal, gelender, heisar osv.
• Gode hygienerutinar blant tilsette
• Effektive desinfeksjonsmidlar skal alltid vere tilgjengeleg
• Skilt med informasjon om retningslinjer vil vere synleg
• Kontantlaus betaling. Kontantar kan ved behov handterast i resepsjonen.
• Eigne tiltak i restauranten
• Alle tilsette får teoretisk og praktisk opplæring i sanitetsprosedyrer

DET VI FORVENTAR AV DEG SOM GJEST
• God handhygiene. Hender skal i hovudsak vaskast med såpe og vatn. Antibac skal brukast når såpe ikkje er tilgjengeleg.
• Hald avstand og respekter 1-meters regelen. Personar som bur saman og faste partnarar kan omgåast normalt.
• Unngå kontakt med personar med symptom på forkjøling og / eller luftvegsinfeksjon. Dersom du ikkje er frisk må du bli heime.
• Prøv å unngå å ta på vindauge og rekkverk dersom det ikkje er naudsynt.
• Bruk heis kun ved behov
• Bruk hovudsakleg kontantlaus betaling

Klikk her for NHO sin bransjenorm.

TUSEN TAKK TIL ALLE FOR INNSATSEN!