Hotel Loenfjord

Hotel Loenfjord er klar for ein herleg sommarsesong! 

No kan vi senke skuldrane og nyte sommaren. Lange lyse dagar, og massevis av tid til å oppleve alt du har lyst til. Ta med vennegjengen eller familien og forsyn deg av fjord og fjell, med høg eller lav puls. I Loen har vi god plass og aktivitetar og opplevingar for alle.

Aktiv sommar

Frå hotellet har du gåavstand til dei store opplevingane. Opplev spektakulær utsikt på gode vandrestiar med Loen Skylift, klatre Via Ferrata Loen, prøv zipline, opplev fjorden i kajakk eller på SUP. For borna vil nye Loen Play vere eit populært innslag. Finn ut meir om kva du kan finne på i området her. 

Priseksempel, per natt sommaren 2022

2 personar i dobbeltrom frå 2090,- per døgn
2 vaksne og 1 barn frå 2340,- per døgn
2 vaksne og 2 born frå 3390,- per døgn

Prisen inkluderer frukostbuffet i Restaurant Karjolen. 

Booking

Bestill på denne nettsida, eller ta kontakt på 57 87 57 00 eller post@loenfjord.no. Salsavdelinga er ope måndag til fredag 08:00-20:00. 

Hit utanom sommarsesongen? 

I vintersesongen held vi stengt, så då anbefaler vi at du sjekker inn på Hotel Alexandra eller Loen Apartments