Midt i Loen, mellom Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord, blir det kvar helg julemarknad, med avslappa julestemning under flotte julebelyste tre.

Du kan stikke innom, kjøpe deg ein enkel matbit og godt drikke, gå på skøyter, eller handle varer frå leverandørar av lokal mat / lokalt handverk.

Til den nybygde isbana har vi utleige av skøyter, eller du kan ta med dine eigne. Vi kan freiste med blant anna heimelaga julepølse, kjøtt og kylling med spennande følgje, gulasj-suppe, kaker og mykje godt drikke -både varmt og kaldt.

Julegran og julenisse høyrer med (julegrana tenner vi laurdag 1.desember), og siste helga før jul kan du og handle deg juletre.

VI ØNSKJER STORE OG SMÅ HJERTELEG VELKOMNE
TIL HYGGELEG OG STEMNINGSFULL
 JULEMARKNAD I LOEN !