Reise med fly

Den enklaste og raskaste måten å kome til Hotel Loenfjord på er å ta fly til
Vigra/Ålesund (SASNorwegian) eller til Sandane (Widerøe).
Desse ligg respektive 2,5 og 1 time frå Loen.

Vi set gjerne opp transport frå flyplassen - ring oss for tilbod med båt, buss eller hotellbil.
(Alexandra salsavdeling: tlf 57 87 50 50)

Ekspressbussar dagleg til Loen frå Bergen, Trondheim og Oslo. Sjå Nor-Way Bussekspress.
Besøk Fjord1 for ruter med buss, båt og ferje på Vestlandet.

 

Reise med båt og buss

Om ønskjeleg kan vi hjelpe til med charterbåt heile vegen frå Bergen til Loen, eller charterbåt frå Ålesund/Vigra til Øye, og buss derifrå til Loen.

Frå Bergen går det hurtigbåt dagleg til Måløy. Derifrå kan ein ta buss til Loen.
Rutetider for båt og hurtigruter: www.ruteinfo.net

Hurtigruta er ei nydeleg båtreise frå Bergen og oppover Vestlandskysten, og har stopp i MÅLØY, ÅLESUND og GEIRANGER.

 

Reise med bil

Reisetid:
Oslo - Loen:  7 timar
Trondheim - Loen:6 timar 
Ålesund - Loen:2,5 time
Bergen - Loen:4,5 timar
Sogndal - Loen: 2 timar
Førde - Loen:1,5 time